Lærlingar

Me har fire lærlingar hos oss no, Elisabeth, Marit ( er ute i fødselspermisjon ),Hilde og Emma Sofie alle med same rabattar – 50% avslag på klipp & 25 % avslag på farge av hår.

Du finner ikkje lærlingar på nettbestillinga, kontakt salongen for bestilling av time : tlf. 576 72100

collage lærlingar

Hairextention- Hair talk !

Me har bytta hairextention leverandør  og benytter no HAIR TALK EXTENSIONS i salongen.

100 % ekte hår av beste kvalitet som fell naturlig inn i ditt eige. Skånsame fester som er handlaget og kommer i to ulike variantar.

Litt frå modellane me hadde på kursdagen

Parykk kurs

Då har Borgny, Karoline & Lilly vore i Oslo på parykk kurs hos Ruhs ,som har parykkerfaring gjennom 50 år
Vigdis og Ann Mari har i desse dagar 10 års jubileum innan parykktilpassning her hos oss, så no er me vorte eit godt team på fem innan parykk/hårerstattning og kan hjelpe deg når du treng det.
Me har utsalg av pleieprodukter og tilbehøyr til parykk
– Ta kontakt-me hjelper deg gjerne –

Ein smake bit frå damekveld på Toyota Sogn !

For ein kveld ,for ein glede !! Damekveld 2016 på Toyota Sogn.    (4mars 2016)

Tusen takk til alle som tilbrakte den saman med oss og ikkje minst stor TAKK til alle flotte modeller som så sporty stiller opp. Hår & makeup : Lillys Frisørsalong.

Flott samarbeid med Toyota sogn – Mango design – Livslyst -Intersport – og Kafe Krydder.

Her kjem litt bilder frå fredagen  ( har dessverre ikkje bilder av alle de flotte modellane )

Damekveld 4 mars -2016-Billettslepp måndag 22. februar kl 11.00.

Damekveld på Toyota Sogn, Kaupanger

Billettane kjøper du på Toyota Sogn og Kafe Krydder.

Billettslepp måndag 22. februar kl 11.00.

Erfaringane tilseier at her gjeld det å vere tidleg ute med å få tak i billettar!

Programmet inneheld både tapas, moteshow, underhaldning og ikkje minst, eit føredrag frå sjølvaste Kari Traa! Det vert stas.

Me klarar dessverre ikkje å presse inn fleire enn 200 personar, det er viktig for oss at alle som kjem skal ha ei god oppleving og sjå det som skjer på scena på ein best mogleg måte.

Har ein spørsmål til bordplassering etter at billettane er i boks, ta kontakt med anne.moen@toyota.no i forkant av arrangementet så prøver me å organisere så godt som mogleg.

Dette vert kjekt!

Helsing oss på Toyota Sogn, og medarrangørane Kafe Krydder, Livslyst Sogndal, Mango Design, Intersport Sogndal og Lilly’s Frisørsalong.

Glimt frå Damekvelden 2015

 

Ta vare på huda i vinterkulda !

Den kalde og tørre lufta kombinert med gnissande syntetiske plagg, fyring og elektrisk varme, er ikkje akkurat pluss for huda vår. Den klarer ikkje like godt å halde på fuktigheta i den kalde årstida, som igjen fører til at huda lettare blir tørr, stram, irritert og kroppen klør.

Unn deg sjølv den velvære du fortener, bestill time hos hudpleier Sissel for ansikt/kropps behandling : tlf. 576 72100 (ikkje nettbestilling på hudpleie )
Bioline produkt i behandlingar, og for salg.

Velkommen innom til oss