Makeup

Makeup er kvardagsrutine for mange og høyrer til sjeldenheten hos andre.
Fargar og teknikkar kan framheva ansiktstrekk som du er nøgt med og dempa det du er mindre nøgt med.
Dag makeup er forfriskande naturleg og kveld/fest makeup er meir markert med djupare fargetonar.

Få lagt din neste makeup hos oss og få nye favorittar til sminkeveska ??
Me brukar Color Me Beautiful og Mineralogie, begge seriar er for sal hos oss.

Fargekurs

F A R G E K U R S tidlig på morgenkvisten med Karen frå Cutrin. Gjennomgang av dei nye fargane Aurora ,gler oss til å jobbe med dei ✨

Medalje for lang og tro tjeneste

I dag var ordførar Jarle Aarvoll innom for å overrekke medalje for lang og tro tjeneste, til Ragnhild som har jobba hos oss i 31 år og Vigdis med 35 år ??Jubilantane vart overraska midt i juletrafikken ,så her fekk ansatte og kundar vere med på gleden ❤️

Sjefen er audmjuk og takksam for den lange og goe innsatsen ❤️

Snart jul !

Me har fått inn stort utvalg av gåvepakkningar frå Paul Mitchell ,Ref herreserie,special 1 shampo og wax til herre.m.m ❤️ Hugs å bestill din(e) timar før jul ! Desember er begynnt å fylle seg i time boka vår ??

Bestill gjerne time på fixit appen,timebestilling på lillys.no eller ring 576 72100 (fjøra) 576 71600 (campus)❤️

Bryllupssesongen er i gang

Vakker brud hos oss på laurdag .Heldige me som får æra å ta del i ein av dei vakraste dagar i livet ❤️

Me ordner sjølsagt brudgom ,forlovere,brudepike/sven og gjester om ein ynskjer det .Hos oss er salongen i to etasjer,så ein kan ha det litt meir skjerma.